Vil du bruke kommunikasjonskompetansen din til å ta vare på villrein og sårbar natur?
Kommunikasjonsrådgivar sårbar natur og villrein
Om avdelinga og fagområdet
Miljøvernavdelinga har ledig vikariat som kommunikasjonsrådgivar.
Vi er på jakt etter deg som er interessert i natur og forstår korleis kommunikasjon kan bidra til å ta vare på villreinen og naturen vår.
Du har erfaring frå praktisk kommunikasjonsarbeid og er oppteken av å samordne bodskap og innhald på tvers av kanalar. Du likar å jobbe med folk og i nettverk med mange aktørar.
Stillinga er knytt til Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane (SVR) landskapsvernområde, Lysefjorden og Jærstrendene. Du vil få ansvar for å bidra til utviklinga av ein felles nasjonal kommunikasjonsstrategi for villrein og verneområde.
I stillinga blir du ein del av eit større fagmiljø med dyktige kollegaer i eit godt arbeidsmiljø. Du vil jobbe med fagfolk innan naturforvalting og kommunikasjon i embetet vårt, og på tvers av geografi og forvaltningsnivå.
Arbeidsstaden er Statens Hus i Stavanger. Stillinga høyrer til fagområde natur ved miljøvernavdelinga.
Arbeidsoppgåver
Du vil mellom anna:
- Identifisere kommunikasjonsbehov i samarbeid med verneområdestyre og verneområdeforvaltninga, og planlegge, koordinere og gjennomføre relevante kommunikasjonstiltak
- Bidra til gjennomføring av tiltak knytt til villrein, verneområder og ferdsel
- Bidra til samordna, kunnskapsbasert og målretta kommunikasjon mellom relevante aktørar
- Sikre ein heilskapleg og samordna kommunikasjon om villrein og verneområda
- Delta i arbeid som krev noko reising og uteaktivitet, t. d. faglege nettverk, samlingar og samarbeidsarenaer
Kvalifikasjonskrav
- Kommunikasjonsfagleg utdanning på minimum bachelornivå (relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet)
- Gode ferdigheiter i skriftleg og munnleg formidling, både på norsk og engelsk
- Erfaring med mediearbeid, nettarbeid og sosiale medium
Det er ein fordel om du også har:
- Ferdigheiter innan foto- og filmproduksjon
- Interesse for natur og friluftsliv
- Erfaring frå offentleg forvaltning
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- samarbeider godt og byggjer gode relasjonar
- er strukturert, sjølvstendig og løysningsorientert
- har ein trygg og tydeleg kommunikasjon
- trivst med varierte oppgåver og ansvar
Vi tilbyr
- lønn som rådgivar/seniorrådgivar, kr 620 000 - kr 750 000 pr år, avhengig av kvalifikasjonar og erfaring. For særleg godt kvalifiserte kan høgare lønn vurderast
- god pensjonsordning (det blir trekt 2 % pensjonsinnskot frå lønna), gruppelivsforsikring og moglegheit for bustadlån gjennom Statens pensjonskasse. Les meir om ansatt godane på spk.no/medlemskap-i-spk
- fleksibel arbeidstid og gode arbeidsvilkår i staten
- moglegheit for fagleg utvikling og kompetansebygging
- triveleg arbeidsmiljø i Statens Hus sentralt i Stavanger
- HjemJobbHjem-ordning
Mangfold og inkludering
Slik søker du
Alle som søkjer stillinga, må søkje digitalt gjennom vår karriereside. Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søkandsfristen har gått ut. Dersom du ønskjer å reservere deg mot oppføring på den offentleg søkjerlista, må dette grunngjevast. Du vil få varsel dersom reservasjon ikkje blir teken til følgje.
Om Statsforvaltaren i Rogaland
Tilleggsinformasjon
Kontaktpersonar:
- Ørjan Simonsen, ass. fylkesmiljøvernsjef - Telefon: 456 93 282 - E-post: orjan.simonsen@statsforvalteren.no
- Cathrine Stabel Eltervåg, fylkesmiljøvernsjef - Telefon: 986 76 987 - E-post: cathrine.eltervag@statsforvalteren.no